Vis enkelt innlegg
Gammel 08-08-12, 06:03   #33
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Augustprat 30+

Det er så stilig med alle dykk som kan ta bilde i eitt bein på den måten! Det kan ikkje eg. Ikkje det at eg er slank nok til det enda, for så vidt, men eg har heller ingen slike store bukser. Eg er skjørte-dame. Og det har liksom ikkje heilt den same visuelle effekten. Gikk ned 30 kilo og brukte same skjørtet, eg, 20 opp og 30 ned gjorde ingen ting til og frå for det var superelastisk. (Men no har det fått nytt liv i ein Fretex-butikk, det var endeleg for stort.)

Godt å høyre at pusen kom til rette igjen, Anarko. Kattefrøkna til kjærasten min har vore borte sidan søndag.Ho går vanlegvis ikkje ut aleine, men når det har hendt at ho har stukket seg ut, har jo alltid kome inn igjen i rimeleg tid. Er litt engsteleg for at det skal ha hendt noko, ja. :-(

Uff og no er det berre ei veke igjen til skolen begynner på igjen, og eg har framleis SÅ MYKJE Å GJERE i huset! Og siste skoledag var eg SÅ happy med tanke på å få fri, og kunne dra og trene, og alt eg skulle fikse og ordne og sjaine opp. Har ikkje rukket å trent ein einaste gong. 360/mnd i 1 år utan tid til å reise inn til treningssenteret blir litt peng for ei fattiglus. Men mest av alt saknar eg det.

Ferie ferie - altså reise bort, sjå litt fint ver og sånt - det har det ikkje vore noko av. Eg skal reise over til kjærasten i oktober (drar haustferien litt ut i begge retningar), men om det er seinsommar eller tidleg vinter på den tida er ikkje godt å vite. 50/50 sjanse for begge delar. Eg håpar no på at det framleis skal vere sommarleg der borte når eg kjem. Uansett blir det bra, vi saknar kvarandre fælt

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat