Vis enkelt innlegg
Gammel 16-01-13, 11:12   #12
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Januarskravletråd 2013

Januarskravlings!! Ja!

Kaldt her også, minus 13. Det er vel ingenting for en trysling tenker eg, men for en molding så er det litt kaldare enn eg trivst med. Eg har likevel ingenting å klage over så lenge varmen verkar! Forloveden kom heim frå jobb i går ettermiddag til eit ishus, sentralvarmeanlegget hans hadde konka ut - i 15 minus og utan andre varmekjelder. Og dei som er ansvarlege for huset (han berre bur der) trakk på skuldrane og sa "vel, varmeanlegget har jo vore dårleg lenge, det berre er slik, tenker vi må selje huset snart" - og i mellomtida skal han fryse i hel, og eigedomen bli øydelagt fordi røra frys sund?

Det er vel godt å ha musejegarar i huset når ein bur slik til som de gjer, Imse. Høns og slikt trekk vel til seg ein del mus? (Eg tenker på korn og sånt, om de forer med korn?) Ei mus hadde forvilla seg inn i huset til forloveden i går kveld, også, da tenker eg han sakna katten sin som han hadde før!

Har òvmykje husarbeid som vanleg, så eg må bruke ein del av fridagen min til det, deriblant har eg bestemt meg for å bake 3 lavkarbo-brød, så eg har ei stund og ikkje treng å tenke på det meir på ei ri. Planlagt og handla inn til middag for tre dagar har eg også gjort. Nei no er eg nøgd med meg sjølv, altså! Om eg hadde hatt to fridagar kanskje eg til og med hadde satt meg fore å sortere litt i alle papir eg har liggande rundt og slenge overalt. Arkivet mitt er ikkje oppdatert. Men eg kjenner meg sjølv og grensene mine, så eg skal ikkje stresse med det i dag. Heller glede meg over det eg har klart. Sant? Eg må bli flinkare til det, heller enn å berre sjå alt eg ikkje fikk til.

No skal eg lage meg ein kopp med noko varmt noko, og sette varene mine i kjøleskapet, og så får de alle ha ein strålande dag uansett ver og temperatur

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat