Sv: Brød ... Igjen ...
Etter mi meining er eit av dei betre alternativa innanfor godt lavkarbobrød Karins beste brød, men du kan ikkje forvente å få høgkarbobrødsmak eller konsistens ut av eit lavkarbobrød, det vil aldri bli heilt det same, slik er det berre.
Kva med å prøve å steike nokon av brødoppskriftene du har funne som "pitabrød" i staden for i vanleg brødform? Eg har hatt god erfaring med det. Deler dei i to når eg skal bruke dei, som eg ville gjort med vanlege pitabrød. Dei blir ikkje så blaute, synest eg. Eventuelt kan ein vel hive dei i ovnen litt etter at dei er oppdelte, for å få litt skorpe, og skjerpe dei litt.
|