Sv: "Jeg lurer på"-tråd, forhåpentlig med enkle, korte svar
OK, no slår panikken meg.
Eg skal reise og besøke forloveden min. Supergleder meg heilt vanvittig (vi har jo ikkje sett kvarandre på snart 8 mnd), men no ser eg at det er beramma streik eller gå-sakte-aksjon eller vettasøren kva dei meiner, men i alle fall så blir det trøbbel i flytrafikken i Frankrike. (Seriøst, når tid er det franskmennene ikkje streiker?!?) Det står her i denne nyhetsmeldinga at det er industrial dispute from June 11 up to June 13, 2013 - up to, betyr det til og med 12. juni kl 23:59 eller er den 13. også medrekna? Vanlegvis så står det vel "up to and including" - så no er eg usikker og engsteleg her, for eg skal reise via Paris nettopp den 13. og forbanner meg sjølv for å ha vald å stole på franskmenn berre fordi det gikk så innmari greit sist og om eg ikkje kjem meg på flyet til Salt Lake så blir eg superfortvila og Forloveden kjem nok til å ta sin død eller ikkje langt om.
Andre som har reist under slike forhold og har gode råd å kome med?
__________________

|