Vis enkelt innlegg
Gammel 04-02-14, 10:23   #1
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Utblåsning deluxe!

Arrr.... eg må berre skriva ut ein plass all min frustrasjon!!!

Gjekk i gang med omlegging til strikt lavkarbo rett før nyttår... har vore knallflink (dette kan eg, har vore lavkarbotilhengar i åresvis), men av ein eller annan grunn så går eg FANKEN ikkje ned i vekt! Ikkje kjenner eg framgang på bukselinningen heller, til tross for iherdig trening (klapp på skuldera!!!)... Utruleg demotiverande!!!

Anar ikkje kva eg gjer feil... ikkje et eg NOKONTING med kunstig søtning... kan det vera at systemet er så "føkkt" etter alt for mykje av og på, at eg til dømes ikkje tåler mjølkeprodukter lenger??

Fader altså, er så frustrerande!!! 5 veker er gått, og eg kan "skryta av" 2 små kilo ned... og det er etter at det bytja gå OPP att for eit par veker sia!!!

Ååååehh.... kan eg ikkje berre vakna i morgon og vera SLANK??? (humre, det hadde vore noko, finnast det ein tablett for det?? )

Akk og sukk og stønn frå demotivert Konkelimonke...

Beklagar altså. Eg er igrunnen stort sett positiv til alt, men akkurat NO ser ting svart ut!

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat