Sv: Hvorfor går jeg opp så mye?
Heilt normalt det også, å kjenne seg mett. Ein må tenke litt annleis på lavkarbo. Du skal ikkje ete berre for å ete, eller fordi det er meir enn 3 timar sidan sist du åt, du skal ete når du er svolten. Et då til du er passeleg, komfortabelt mett. Det kan vere veldig invidiuelt kva som passar for folk. Det som fungerer for meg no er å vente med mat til eg tek lunsj på jobb 1130. Er eg innmari svolten før den tid, så et eg. Vanlegvis er eg godt svolten når klokka er 1130, men ikkje meir enn at eg gler meg til mat. Så et eg middag i 5-6-7-tida, og kanskje noko lite seinare, om eg er svolten. Folk ville nok generelt seie at dette er galskap, men det fungerer for meg no.
Drikk du nok vatn? Det er ofte vanskeleg å kjenne skilnad på om du er tørst eller svolten. Ein kan ofte føle seg svolten når ein eigentleg er tørst.
Lavkarbo er vektregulerande, det du meiner du skal ned, er ikkje nødvendigvis det kroppen meiner. Har du halde på lenge forresten? Meir enn eit par veker?
|