Sv: Er i ketose, men går ikke ned i vekt
Kvifor trur du at du gjer noko feil?
Einaste feil eg kan tenke direkte utfrå det du skriv er at du stressar, at du kanskje har for høg forventing til rask nedgang, at du er for opphengt i vekta. Ketose er ikkje einstydande med vektnedgang (og stixen skal ikkje vere mørkast mogleg, utslag er utslag). Dessutan kan vassoppsamling, syklusar etc virke inn og gjer at vekta kan stagnere ei periode.
Kor mykje skal du ned? Det går tregare om du ikkje har store mengder som skal av.
Rom vart ikkje bygd på ein dag. Ei veke er INGENTING! Kroppen treng til dømes tid på å omstille seg. SLAPP AV, hald deg til sunn, rein mat, beveg deg (ta trappa i staden for heisa til dømes).
Lykke til! 
|