Sv: Platå
Du kan ikkje snakke om platå, når du ikkje har halde på lenger enn enn sidan midten av mai, alt i alt. Vekttap går i rykk og napp, kroppen er inga maskin som går ned eksakt det same kvar dag/veke.
Er ein til dømes kvinne har månadleg syklus sitt å seie i forhold til væskesamling i kroppen og ein grunn til at ein plutseleg veg ein kilo eller to meir enn dagen før. (Ser ikkje ut frå profilen din om du er kvinne eller mann, men eg nemner det i alle fall.) Salt mat ein dag kan føre til vassamling. Ein kilo opp i løpet av eit døgn er i alle fall ikkje feitt, hugs det. Vatn, berre vatn!
Det er ingen vits i å hoppe på vekta slik kvar dag (fleire gongar for dag også...?). Det er veldig lett å bli hekta, og stresse med at ein ikkje har gått ned. Stress er som kjent ikkje hjelpande på vekttap ...
Slutt å stress med vekta, hald fram med å ete slik du skal, drikk nok væske, kom deg ut i frisk luft. 
|