Vis enkelt innlegg
Gammel 09-09-04, 13:27   #2
a-slbakk
Juniormedlem
 
Medlem siden: Jun 2004
Alder: 49
Innlegg: 29
a-slbakk er ny på veien

Hei!
Eg er ikkje spesielt god på dette, og slit sjølv med å finne "raske" rettar til frukost og lunch.
Har sjølv ete mykje egg og bacon, omelettar med sopp, ost og urter eller restar frå middagen dagen før. No har eg slått frå meg å følgje Atkins slavisk, for det fungerer ikkje i lengden- for meg, vel å merke... Det gjer at frukosten no ofte blir havregrynsgraut, ein boks makrell i tomat og/ eller hardkokte egg. Gjerne egg og bacon innimellom òg, men las ein stad at det var visst ikkje så bra som eg trudde...

Til lunch et eg gjerne kyllinglår, kotelettar, makrell i tomat, hardkokte egg, omelett, salat, middagsrestar...

Middag: Dette er det lettaste. Alt av kjøt, fisk, skalldyr. Faktisk det same som resten av familien. I staden for poteter/ris et eg grøn salat, kokte grønsaker eller fløytegratinerte grønsaker- i store mengder... Eller kva med ein god heimelaga rekesalat?

Kvelds: Det same som frukost og lunch... Eller ein god smoothie med frukt, bær, egg, Udos Choise og isbitar.

Peanøtter er godt innimellom. Har nett oppdaga ein sukkerfri sjokolade. Litt karbohydrat i denne, men så lite at eg godtek det. Sikkert ikkje eigna på induksjon...

Mykje av det eg et eignar seg sikkert ikkje for induskjon, men dette var no berre meint som tips til mat med redusert innhald av karbohydrat.

Lykke til, i allefall...

a-slbakk er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Atkins Svar med sitat