Kjappe middagstips??
Første veke på lavkarbo er over og i morgon tidleg blir det opp på vekta og sjå om det har gitt resultat.... Har vore på vekta ein gong og smugkikka og sett at det går riktig vei..
Det går egentlig ikkje så verst på lavkarboen, sjølv om eg i periodar berre vil eta mørk sjokolade og nøtter (og pommesfrites, men det kan eg lata som eg ikkje har lyst på ei lita stund). Har begynt å jobba ein ny plass og der har dei salatbar i kantina. Det gjer lunsjen veldig lett, sjølv om det varierer kva dei har i lunsjbaren.
Pleier å bli veldig einsretta og eta det same heile tida. Prøver sterkt å hindre dette denne gongen. Eg veit jo at det er fort å bli lei, men det er liksom så enkelt og godt også forsåvidt å ete det same heile tida. Ein periode åt eg for eksempel nesten berre makrell i tomat til lunsj. Nå vil eg nesten spy av det
Er det nokon som har kjappe og sunne middagsrettar å foreslå? Er så sulten når eg kjem heim frå jobb og treng noko som går superraskt. Ideear??
Nei, god natt alle lavkarboarar
__________________
-27 kg siden aug 2009
|