Deppa av for lite karb?
Ja, eg sliiiit med å få i meg nok karb om dagen eg altså... Då meiner eg at eg ligg på sånn ca 10karb (ofte under det òg faktsik) og bøøøør ligge på ca 20... Men, eg klarer det ikkje!!! Er ikkje svolten nok eigentleg...
Men, så høyrde eg at det kan påvirke ein i retning av depresjon viss ein får alt for lite karb? Og eg må med handa på hjartet, sei at eg har vore ein smule deppa i det siste.... Ikkje deprimert altså, som i depresjon og svarte hol og ingen utveg og ingen ljos i enden av tunnelen, men berre sånn lei og trist og "deppa"... veit ikkje noko anna ord... Hehe!
Kan det vera fordi eg rett og slett får i meg for lite karb, det då?
Ja, eg VEIT eg må verta flinkare... EG VEIT!!! Men, når eg ikkje er svolten, er det så vanskeleg!
I dag er eg i godt humør altså, berre så det er sagt! Hihi!
|