Lindberg-kost og amming
Fikk ei jente for snart to månader sidan. Åt delvis lavkarbo under svangerskapet, men pga mykje kvalme blei det også mange karbohydrater.
For ei knapp veke sidan la eg om kosten til meir lindbergs igjen, dvs meir grønsaker, meir proteiner (egg, kjøtt og feit fisk) og mindre karbo (brød og poteter). Omtrent samtidig fekk Vesla masse luft i magen...
Er det nokon som har tilsvarande erfaring? Er usikker på om det er det eg et, omlegginga i seg sjølv eller noko heilt anna som har skuld i Veslas luftsmerter...
Har forsøkt å redusera inntaket av grønsaker, men ho har framleis meir luft i magen enn før. Hmm...
Ønsker å fortsetja på Lavkarbo, men vil jo heller ikkje ha ei jente med mykje vondt i magen...,
Har nokon gode råd å komma med?
__________________
-27 kg siden aug 2009
|