Då er eg tilbake med journalskriving. Tenk at det er halvtanna år sidan eg starta med journal, og nesten to år sidan eg var på nettsida lavkarbo.no for førse gong. Tida går Har i mellomtida vore gravid og har no ei lita dotter på vel 3 månader. Åt lavkarbo i deler av svangerskapet, men var mykje kvalm, og då blei det eindel kjeks og brød med smør. Har nå levt på Fedonkost sidan jul og har tatt av 6 kg. Det betyr at eg er tilbake på like mange kg som før eg vart gravid. Men eg har framleis mange kg eg kunne tenkt meg å bli kvitt, og trur det blir vanskelegare no. Derfor startar eg opp med journal igjen for å halda motivasjonen oppe. Håpar å liggja på ein vektnedgang på ca 1/2 kg i veka. Det var alt for denne gang. Kjem sterkare tilbake. Til middag i dag blir det forresten asiatiske fiskekarbonader, inspirert av ei oppskrift eg fann her inne