Har laga brødet
No har eg laga brødet. Det blei heilt greit.. litt tørt og ikkje så mykje smak egentlig- men på den eine skiva hadde eg ein del smør og leverpostei på- og den andre smør og kvitost (tenk det er 1/2 år sidan sist eg åt skive)... Så eg syns dei var ok, når eg hadde godt med pålegg på
Oppskrifta som står på bakemixboksen er sånn:
300 g Bake mix
1 ss bakepulver
1/2 ts salt (valgfritt)
1 ts søtningsmiddel (pulver)
300 ml kullsyreholdig vatn (eg brukte farris)
2 store egg
1 ss valnøttolje, linfrøolje el olivenolje (eg brukte salat- og matolje)
Bland dei tørre ingrediensane i ei skål. Pisk sammen egg, olje og vatn, og bland sammen dei øvrige ingrediensane. Bland godt, og pisk i 1 minutt til du får ein fast deig. Hell deigen i ei brødform (1,5 l) som er smurt m olje, og steik på 175 grader i 1 time. Etter steiking tas brødet ut av forma, avkjøles på rist og pakkes i plast. Børdet kan oppbevares i kjøleskap i inntil 5 dager.
eitt brød gir ca 10 skiver
For bruk i andre oppskrifter- 70 g bakemix= 100 g mjøl
|