Sv: Trilles glade lavkarboliv
Uff... Kvifor slurvar eg og går over til høgkarbo når eg veit kva som skjer.... Kiloane berre rasar på i takt med aukande karboinnhold... At eg aldri lærer. Halvannan månad med ferie, diverse besøk etc har satt sine spor. Men, nå er eg tilbake på lavkarbo. Problemet er at når eg er inne i ein "god" periode, så skjønar eg ikkje kvifor det er noko problem å eta lavkarbo. Men, så pluttselig så er det som karbotrollet tar meg og lokkar meg utpå... Og så våknar eg etter ei tid (seks veker og + 5 kg!! denne gangen!), og då er det så vanskelig å ta seg inn att. Men, no er eg på gli igjen, og har fått bort 2 av kg på dei første dagane, så noko av det var vel berre vatn også. Kjenner forresten at kroppen har godt av lavkarbo. Har meir ubehag i magen + vatn i kroppen når eg er på karbokjøret... Så derfor... karbotrollet vik frå meg
__________________
-27 kg siden aug 2009
|