Sv: Gjev snart opp...
Hei, og takk for svar!
Iset: eg er 163 høg, så det vil sei at eg litt akkurat på "normal"grensa... difor vil eg ned litt til, og eg veit at kroppen min trivast betre på 60kg enn 66kg... men, det kan jo vera at kroppen er ein "annan" no enn då eg gjekk på ungdomsskulen! hehe!
Jo, kan kanskje prøva å auka litt på karbane... hmm... eta litt meir om dagen? Men, eg er ikkje så veldig svolten, så det er ei utfordring det!
Eg får vel berre halda fram med treninga... men, Momsa: korleis sjekkar ein underhudsfeittet då? Eg har ganske markerte "kyllingfiletar" på ryggen framleis, så eg fryktar at eg har ganske mykje underhudsfeitt, iallefal der... haha!

|