Tråd: Rett gjennom!
Vis enkelt innlegg
Gammel 08-07-08, 14:43   #1
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien
Question

Rett gjennom!

Eg har no ete Lollypop-brødet i eit par veker, med STOR iver! Åh, kor herlig med brød, og så så godt det er!
Har vorte til omlag 4 skiver av det kvar dag, i tillegg til middag.

Tingen er berre den: Etter at ei skive eller to har gått ned på høgkant, med godt pålegg og grønsaker, så får eg mageknip og må på do... så, det virkar som om det går rett gjennom meg... Eg knuser ikkje linfrøa i "deigen" berre hiv alt ilag slik som det er (ja, eg mosar sjølvsagt egga og cc ilag).

Eg har iallefal ikkje det problemet at eg ikkje får gått på do kvar dag lenger! Hehe!

Er det nokon andre som har det slik? Eg har altså berre litt knip akkurat før eg får gått på do, ingenting ubehag elles. Og det gjer ikkje meg noko sånn i utgangspunktet, for INGENTING i verda skal få meg til å slutta å eta det nammenamme brødet! Vekta kryp no nedover att òg, så! hehe!

Eg berre lurer på kva de seier om saka... er nyfikjen av meg!

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat