Ketolyse når det er fem kilo som skal vekk
Etter boka til Torkil å dømme, og andre her inne, så ser eg at det ikkje er ketolyse som er anbefalt.men eg ser at eg er på vei nedover no på vekta Eg tok jo denne kuren og på seinvinteren, og kom nesten i mål,til 60 kilo. Så kom ein lang lat sommerferie,med karbohydrater igjen, sjølv om eg prøvte å passe meg og. men det eg lure på,er om det er andre her inne med same antal kilo som skal vekk??Altså ikkje over ti femten kilo??
For fettet sitter mest på mage hofter, så det viste seg sist og at det er tydelig det hjelper å være i ketose.Må sei eg liker det og,er så godt for kroppen.Vart faktisk mindre dårlig denne gangen eg gjekk over til ketolyse igjen,og eg trur eg kom fortere i det og. Kjekt om det er nokon som kjem med innspel til meg!!  
|