Vis enkelt innlegg
Gammel 13-02-09, 23:23   #1
Neri
Medlem
 
Neri sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: veslandstaus
Alder: 46
Innlegg: 164
Neri er på en erverdig vei
Question

Sliter med barnas kosthold

Har 4 barn. Den minste er berre 2 mnd og lever på pupp Den eldste er ganske alt etende og liker både grønt og kjøtt/fisk. Einaste er at han er litt opptatt av å ikkje få i seg for mykje feitt -lært på skulen

MEN -dei to mellomste er veeeeeldig kresne.
Den eldste av dei to et nesten ikkje grønt, men veldig glad i kjøtt/fisk og feitt. Problemet er at ho omtrent lever av kneipp med fårepølse. Har prøvd drøssevis av andre grovere brød -men nei. Har baka sjølv -men nei. Har prøvd i laaange perioder å kun bake sjølv for å tilvenne ho, men då et ho kun knekkebrød. Ho er allergisk mot egg og appelsin. Mistenker og at ho ikkje tåler mjølk i særleg grad (klager over magevondt etter større mjølkeinntak.) Ho har ofte magevondt og skal til utgreiing i mars. Er testa for cøliaki, men svaret var negativt. Usikker om ho er testa for laktoseintoleranse. Kan dei sjå det på blodprøve?
Ho er normalt høg og veg normalt. Har "vanskeleg" humør, slapp og ugo og har vanskeleg for å konstentrere seg. Er besatt av søtt (kjeks, is, snop) og kan gå skikkeleg på skapraid og blir desperat om ho ikkje finn noko (me har sjelden slikt i skapene.)
Har også astma, atopisk eksem og diverse allergier.

Eg er bekymra. Trur ikkje ho får i seg det ho treng i det heile tatt.
Korleis skal eg få i ho meir allsidig mat når alt er ekkelt og æsj?

Vår nest minste har også begynt litt med "matvegring" nå. Hans frukost består ofte av ein halv finn crisp med prim/brunost/leverpostei. Til middag et han kanskje to buketter brokkoli, er ikkje mykje å vekse på det. Er veldig glad i yoghurt og diverse frukostblandinger, og har nok fått litt for mykje av det, men då har han liksom fått i seg noko.
Han har også astma, men ikkje hatt anfall på to år. Og har atopisk eksem, som har vore alvorleg, men har bedra seg enormt siste året.

Veit ikkje heilt kor eg vil med dette innlegget. Men eg treng gode råd og tips om korleis eg skal få endra matvanane. Føler leger/helsestasjon ikkje tar meg alvorleg på dette temaet, er som om mat ikkje betyr så mykje så lenge dei får i seg noko liksom -men der er eg ikkje heilt einig.

HJELP!!!

__________________

Neri er avlogget   Min kostholdsfilosofi: ammende atkins Svar med sitat