Erfaring med diabetes 2 og lavkarbo?
Eg er ganske ny her inne på forumet, men har sysla med lavkarbomat sidan midten av mai i år, og merkar at sakte men sikkert så går vekta rette vegen. Har tidlegare ete Fedon-inspirert, og det har også funka greit, men datt litt av for eit par år sidan, og det har vore vanskeleg å kome i gang igjen aleine.
Eg bur saman med ein fyr som har diabetes 2 (han går på tablettar for det), som også gjerne kunne ha kvitta seg med nokre kilo. Han et relativt sunt for det meste, men kan ikkje tenke seg å gi slepp på brød, poteter og pasta, og meiner at lavkarbo kan då IKKJE vere bra for han som har diabetes 2. Eg meiner han ville hatt god hjelp i det, etter å ha sett andre med samme type sjukdom, som har prøvd lavkarbo. Men kva kan eg gjere for å overtyde han? Nokon som har erfaring og gode tips?
|