Sv: Alternativ til brokkoli og andre grønnsaker ...
Har aldri vore så veldig begeistra for ihelkokt blomkål og broccoli heller. Men dersom du deler det opp i mindre bitar, og steiker i smør eller olje med ein god dæsj kvitløk i (+ salt og pepar), så smakar det faktisk skikkeleg godt.
Kombinasjonen av kvitløk og muskat er heller ikkje å forakte saman med blomkål! Mmm!
Siste tida har eg woka mykje sjampinjong, paprika, løk og squash. Squash og aubergine smakar ikkje så mykje i seg sjølv, men tek inn mykje av smaken av dei andre tinga du har oppi - det går mykje i kvitløk her i huset, for å seie det slik!
Har nokon erfaring med jordskokk? Har høyrt at det ikkje skal vere så gale for diabetikarar, fordi det ikkje påverkar blodsukkeret (slik som potet etc gjer).
|