Sv: PCOS og insulinavhengig dia
Samme klubb eg og. Men eg har ikkje utvikla diabetes, og håper å halde det slik, med rett mat og trim. Tek metformin + nokre til mot plager eg har pga pcos.
Eg fekk først hjelp når eg sjølv fann ein indremedisinar som hadde peiling på dette. Så eg vil råde deg til å sjekke om du kan finne ein indremedisinar som kjenner til og har peiling på pcos, overvekt og diabetes. Det var litt av ein lettelse å snakke med ein som forstod, etter å ha stanga hovudet i veggen så lenge. Men du må jammen stå på sjølv for å få hjelp, det er erfaringa mi i Norge i alle fall. (Har fått betre hjelp i Belgia. Her eg fann indremedisinaren.)
Eg har tidlegare hatt god hjelp vektmessig av Lindberg sin filosofi, men flytting utanlands og diverse gjorde at det glei ut. No prøver eg generell lavkarbo, og trives godt med det. Det går sakte, veldig sakte, men i alle fall rette vegen med meg.
Lykke til og stå på!!
|