Sv: Oktoberskravletråden til 30+
Og då var helga snart over, gitt! Helgane går altfor fort, alltid.
Eg ser fleire har leita fram ergometersykkel og anna apparat. Go for it! Eg har ein ergometersykkel også, men den har gjort ein strålande jobb som stumtjenar siste åra Eg burde eigentleg drage den fram igjen, og komme meg i gong på Wiien igjen (moro, men brettet dreiv og blacka ut heile tida sist eg brukte det, noko som totalt øydela moroa), men no skal eg først bli fullstendig guggefri (antibiotikaen har gjort sitt, er mykje betre!), så skal eg byrje på eitkvart.
Har laga lavkarbolasagne med squash i dag, og vaniljepudding (enkel crème brûlée-oppskrift eg fann her inne, men uten noko søtt på toppen) som var kjempegod, samt baka Karins brød. Elles har det berre blitt huslige ting, sidan eg teknisk sett framleis er sjukmeldt, ut denne dagen.
Jimmys Girl, det er definitivt viktig å planlegge maten når ein held på med dette. Men du skal sjå at det går seg til og blir ein vane ganske raskt. Eg har nett gjort klar frukost og lunsj til både meg og min kjære for morgondagen. Har for så vidt gjort klar lunsj for fleire dagar (kjekt med middagsrestar!).
Ønsker alle ein fin kveld!
|