Sv: Oktoberskravletråden til 30+
Gratulerer med dagen, Celeste!
Jammen var det hardt å stå opp i dag og gå på jobb.. Hadde lyst å berre krype under dyna igjen og bli der. Er ganske gåen i kveld. Det har vel kanskje ikkje heilt sleppe taket i meg, det som heldt meg heime sist veke.
Kva i all verda gjer ein når forsikringa ikkje dekker fuktskader...? Trasig! Håper det løyser seg, Malleleo!
Hadde squash-tagliatelle med min sjølvmiksa ta-det-du-har carbonarasaus til lunsj i dag, det var ei positivt overrasking! Kjempegodt! Og ganske gøy når kollegaer lurer på kva du et, for det ser godt ut og luktar godt 
Skal på tur med jobben i morgon, som varer heile dagen, berre håper eg kan "ordne meg" matmessig. Føler meg uglesett når eg skal ete i lag med "vanlige folk". Men det er kanskje berre inni hovudet mitt? Maten er inkludert i opplegget, så får berre snirkle meg gjennom det på eit vis! I morgon er det vel forresten vegedag hos meg. Eg prøvar å ikkje tenke for mykje på vekta, eg synes sjølv eg har meir utbytte av å ikkje tenke så mykje på det.
Har laga vaniljesaus i kveld, tenkte vi skulle kose oss litt etter middag, med bringebær og heimelaga vaniljesaus. Mmmm 
Ha ein fin kveld!
|