Vis enkelt innlegg
Gammel 02-11-09, 08:32   #3
maja75
Juniormedlem
 
maja75 sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2009
Innlegg: 15
maja75 er på en erverdig vei

Sv: Kalori-panikk!

Eg kjenner meg svært godt att i det du skriv! Etter å ha vore borti mange ulike måtar å legge opp kosthaldet på (der alle har vore basert på ein "kaloriinntak - kaloriforbruk-balanse") er det heilt bort i natta å tenke så annleis no!

Det er vanskeleg å stole på dette, men eg har valt å gå heilt inn i det likevel, teste det ut før eg konkluderar. Og sjølv om eg har valt å ikkje bruke vekt og mål, så føler eg meg litt betre no (etter ca tre veker?). Det er vanskeleg i andre sosiale samanhengar å stå for eit lavkarbokosthald, for det er liksom forventa at det må forklarast! Og når det vert satt fram frukt fordi det er sunt.... og eg ikkje skal ete frukt... er det skrekkeleg vanskeleg å forklare.

Eg tenker det vert lettare å stå for dette etter ei stund, når eg kan seie at dette er det kosthaldet som gjer at eg har det best!

Stå på! Hald ut! Og lykke til!

__________________

maja75 er avlogget   Min kostholdsfilosofi: LCHF Svar med sitat