Sv: November skravletråden til 30+
God morgon!
Ny dag, ny veke. I går bles det vanvittig, og regna så det heldt, og eg har begynt å få vondt i halsen igjen. Venstre side av halsen og mot venstre øyre. Det er under 4 veker sidan sist eg hadde noko slikt, så no synes eg det er nok! Men det har i det minste ikkje blitt verre i løpet av natta! Har sove med mormorstrikka ullsokkar, eg har ein teori om at det hjelper! Frys ein ikkje på beina, så frys ein generelt ikkje, og då søv ein betre.
Har vore ei roleg helg hos oss, ikkje noko utenom det vanlege, har sove ein del, og ete normalt, og slappa av etter ei ganske hektisk veke på jobb. Eg har forresten tenkt på å kanskje ikkje fokusere så mykje på veging av meg sjølv, trur kanskje eg stressar mindre om eg lar akkurat veginga skure litt ei tid framover. Eg kjem jo ikkje til å gå bananas med feil mat av den grunn. Så lenge eg kjenner at kle blir større og at beltet glir inn på neste hol lettare, så er eg vel på rett veg!
Har kome meg i gong med å gå til og frå jobb kvar arbeidsdag (overkant av ein time til saman), men i dag tenkte eg at eg skulle ta det litt med ro, vil ikkje bli vondare i halsen, og veret er ikkje akkurat inspirerande!
Ynskjer alle ein fin dag!
|