Sv: Kalori-panikk!
Tja... Kva skal eg seie. Jau, det var uvant i byrjinga å faktisk kunne steike i smør, bruke kremfløte etc. Men samtidig så var det så herleg befriande å sleppe å tenke på kaloriar! Dette passar kroppen min berre veldig bra. Derfor har eg tatt imot med opne armar!
Du skal ikkje få angst av at det med vekta går sakte, det er naturleg at det tek litt tid. Kan ikkje forvente å sjå underverk på berre ei veke, dessverre.
Eg kan også bli veldig opphengt i vekt etc, derfor tek eg det litt kuli med akkurat det, du vil kjenne det etterkvart på klea dine etc. Det gjer eg! Eg blir meir stressa av å skulle sjekke vekta ofte. Og det er kjempegøy når ein får kompliment frå folk ein ikkje har sett på nokre månader! 
Stå på og kos deg med maten, det er lov!
|