Sv: "Jeg lurer på"-tråd, forhåpentlig med enkle, korte svar
Ja, det er ganske enkelt. Du installerer iTunes (lastast ned frå internett, Apple sine heimesider), kjøper musikk via nettbutikken til iTunes (har eg aldri gjort sjølv), eller så rippar du cd'ar du har (mest det eg har gjort). Det er berre å stappe inn cd'en og så opne iTunes, og då spør den om du vil ta cd'en inn i programmet. Om du har mp3-filer liggande på pc'en allereie, så er det berre å importere dei i programmet, også veldig enkelt og greit.
Så koblar du til nanoen med den kvite kabelen som fylgjer med (som også brukast til å ladde batteriet via pc/usb), og så ordnar den oppdatering sjølv. Programmet seier også ifrå om der er oppdateringar på nettet som bør lastast ned og installerast. iTunes seier også ifrå når du kan koble frå nanoen etter endt oppdatering.
|