Sv: Husmortips og kjerringråd
Zalo burde ta det ja - fettflekkar altså.
Om de har problem med kalkflekkar på kraner på bad og kjøken (mogleg det er berre her nede vi har problem med det..) - vask med såpevatn iblanda blank eddik! Det same med vasskokarar - kok opp eddik i den, og skyll ut, kok deretter reint vatn nokre gongar for å få bort eddiklukt og smak.
Mot fettflekkar på kle - som framleis viser etter vask: Gni ein god sprut Zalo på flekken, og vask ein gong til som normalt - voila, flekkfritt.
|