Sv: Metformin
Jepp, det er nok metforminen. For min del er løysinga å ta dei etter at eg har ete. Eg var konstant kvalm kvar morgon i eit halvt år, kasta opp på veg til jobb og heile pakka (veldig moro), og det var ei god stund etter at eg byrja å ta dei, så det var ikkje innkøyringsfase heller. Problemet var at eg tok dei om morgonen med anna medisin eg måtte ta, elles gløymde eg berre å ta dei. Og det var ikkje så lurt! MAT FØRST!
Men litt i byrjinga må du vel rekne med vil eg tru. Men etter som eg hugsar så hadde eg veldig lite problem i byrjinga. Problema kom etter 2 år men det var jo min eigen feil da!
|