Vis enkelt innlegg
Gammel 19-01-10, 21:54   #10
Mini-Logo
Juniormedlem
 
Medlem siden: Nov 2009
Innlegg: 20
Mini-Logo er på en erverdig vei

Sv: Lavkarbo når man bare vil ned noen kg?

Eg hiver meg på denne, av di det er snakk om relativt liten vektnedgang. Eg tenkte å kutte ti kilo også. Eg har ein BMI no på ca 27, men har også mykje muskelmasse. Likevel ligg det nokre ekstra kilo på utsida som eg vil ha bort. Eg har vore i ketose i ca to veker no, men vekta står på staden kvil. Eg har ikkje trena noko ved sida, men slik eg har vore førespegla denne kuren skulle eg likevel sjå effektar. Eg har lese både Dr Dalqvist sin Low carb, high fat og ketolyse av torkil p andersen. Eg føler eit lite svik ved å ha bygd opp forventingar til dette, spesielt sidan eg alltid har freista å kvitte meg med 10 kilo, men alltid også har vorte skuffa.

Eg et minimalt med karbo, så vidt eg veit, men et mykje feitt. Slik eg forstår det skal dette ikkje ha så mykje å seie om ein er i ketose, men dette speglar ikkje vekta. Ei heller cm magemål. Eg merkar tvert om at eg har fått meir feitt på magen etter eg byrja med ketosen, og dette irriterar meg.

Det hadde vore kjekt å få nyansert desse dystre tankane litt...

Mini-Logo er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Dr. Dahlqvist Svar med sitat