Sv: Lavkarbo-briks
Eg også laga desse i går. Mine vart ganske tjukke også, mogleg eg skulle hatt i litt mindre av det tørre? Sjølve "deiga" var litt smuldrete hos meg, men eg synes resultatet etter steiking vart kjempebra! Synes faktisk dei vart betre etter at dei var nedkjølt.
Eg steikte mine litt lenger enn oppskrifta sa. Eg tok dei ut av omnen etter 10 minutt, men då var dei framleis rå under, så eg skar dei opp i ruter allereie då, og berre snudde alle rutene og lot dei steike ei stund til.
Faste, kompakte, men utan å vere tunge, på eit vis! Dei knasa på ein god måte, om det gir meining?
Eg brukte "bakepapir" av silikon, berre lurer på om dei treng meir steiking av den grunn?
|