Sv: Sult, mosjon
Så lenge eg kjenner meg roleg og vel, synest eg det er heilt greitt å la vera å eta. Om eg derimot blir uroleg, tenkjer på mat og liknande - må eg eta meir. Det gjer eg også. Ved uro, dårleg søvn eller om eg er uopplagt, et eg fleire måltid. Men så lenge eg unngår stress og oppkava dagar på arbeid, er eitt måltid heilt greitt - men eg merkar at stress og uro fort gjer at eg må eta meir for å halda på roen.
Men eg trur det er viktig med fysisk aktivitet - ikkje for å forbrenna kaloriar, men for å finna balanse. Ein får mykje energi (meir kjønnsdrift, dårlegare konsentrasjonsevne) av å eta mindre. Ein blir litt meir i "ADHD"-modus. Om ein ikkje brukar denne energien til noko, blir ein rastlaus. Då vil ein før eller seinare gå på trynet i godteskåla.
Elles smakar jo mat meir (og betre) når ein ikkje et karbohydrat - men eg synest eg får "raptusar" der ein får eit narkotisk tilhøve til einskilde slag mat. I det siste har det vore "Selbu blå" muggost med smør på som har vore slik raptusmat. Desse "raptusane" gjev eg til ein viss grad etter for - eg er som sagt glad i god mat. Men når eg synest eg har ete nok feit godmat nokre dagar og kjenner meg i form til å gå nokre kilo ned i vekt igjen, legg eg blåmuggosten til sides og nøyer meg med morgontomat og middag.
Bortsett frå mosjon klarar eg ikkje å la vera å bli sulten om eg ikkje unner meg kaffi og te til faste tider. Å kutta matinntakt minner meg veldig om korleis det var å slutta å røykja. Ein er vanedannande avhengig. Alternativet er ikkje å leva utan vanar og ritual, men å byta ut gamle vanar med nye og betre vanar.
|