Vis enkelt innlegg
Gammel 09-03-10, 12:46   #14
Øyværing
Juniormedlem
 
Medlem siden: Mar 2010
Innlegg: 10
Øyværing er på en erverdig vei

Sv: Desillusjonert og deppa!

Hei

Er du deppa, så har du det ikkje bra. Og då må du gjera noko for å få det betre - gjerne noko du kan gjera regelmessig. Sjølv har eg fleire slike ventilar - fysisk aktivitet er ein ting. Elles lærer eg meg eit nytt språk - og er svært fornøgd når eg har lært meg 20 nye gloser. Å oppnå ting - anten det er å jogga 3 kilometer lenger, få rydda opp i uthuset, oppdaga at tekst på eit framandspråk blir lettare å lesa - er viktig. Eg trur ikkje det er nok å "gjera noko du har lyst til" - men at ein må "få til noko ein har hatt lyst til" om ein skal trivast. Det å gå ned i vekt er sopass krevjande at ein i periodar må "finna lykka" på andre felt om ein skal vera fornøgd. Sjølv rasa eg ned 20 kilo, før eg møtte veggen. Så kom ein periode utan resultat på vekta - uansett kva eg gjorde. Då flytta eg fokus til andre felt, heldt meg til "vedlikehaldskost" og gjekk litt opp i vekt. Og så syntes eg at eg fekk til andre ting so godt at eg hadde lyst til å gå meir ned i vekt - og greidde det mykje enklare.

Elles: Kvardagens ritual. Sjå ut over havet i godveret medan ein drikk ein god kopp te. Gå ein tur i ro og mak, medan ein ser at våren og lyset byrjar koma. Livet er så mykje, og det er viktig å kjenna på det også, særleg i tider der ein synest ein oppnår for lite av det ein vil! Du har jo mange år på deg til å få av deg dei siste kiloane - men skal du få det til, må du finna ro og rytme. Trivast i kvardagen!

Øyværing er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Lavkarbo Svar med sitat