Sv: PCOS, metabolsk syndrom og lavkarbo
Eg har sjølv pcos, og går på p-pillar. No har eg ikkje så veldig mykje peiling på "det tekniske", men eg vil tru at kroppen har godt av at alt går rundt som det skal.
Lavkarbo har definitivt god virkning på oss som slit med desse problema, det er det ingen tvil om.
Eg tel ikkje kaloriar sjølv, eg har bestemt meg for at det skal få ta den tida det treng, å kome meg ned i vekt altså. Dette er ein livsstil for meg, ikkje ein rask diett.
Ynskjer deg velkommen her! Det er masse info å finne vedr det du lurer på. Om du ser nederst på sida her, så ser du relaterte trådar.
|