Sv: Hvordan motivere seg når en helst bare har lyst til å gi f... ?
Opprinnelig lagt inn av Photobscura, her.
PS: Dersom du mener at te uten søtt er som varmt vann, så har du åpenbart ikke drukket skikkelig god te .
Ja, det tenkte eg også. Te er så mykje meir enn det du finn i porsjonspakningar frå Twinings eller Lipton, liksom Eg har ei heil hylle i eit kjøkenskap stappfull med forskjellige sortar te, alt etter humøret.
Det med te utan søtning er forresten berre ei vanesak. Eg MÅTTE ha søtt i i gamle dagar, byrja å drikke te på folkehøgskulen, for det er jo slikt ein gjer , og då va det plenty med søtt. Men ein dag berre bestemte eg meg for å kutte ut det søte. Det var ein overgong, med det går! Og du som har gått ned over 40 kg har jo tydeleg ein sterk viljestyrke, det er det jo ingen tvil om! 
Den teen heiter Rooibos ja, betyr "raud busk" på Afrikaans. Eg har det også i kjøkenskapet.
Har forresten 7-8 forskjellige sortar te i ei skuff på jobb også, slik at eg har å variere mellom og ikkje går lei.
Eg har vel ikkje så mykje matråd å gi.. Du har jo fått ein del gode råd allereie! Eg står litt fast sjølv også, men eg veit det vil ta tid med meg, så det skal det også få gjere. Men vi har alle saman "feitedagar" trur eg, der ein føler seg berre usj.
|