Sv: Ernæringsfysiologen likte IKKE ketolyse kuren
Eg har også vore til ernæringsfysiolog ved Åse sjukehus. Det er vel og merke nærare 15 år sidan, men det var akkurat same leksa då.
Ho fann ut ho ikkje kunne kutte ned på mengda eg åt, for eg åt ganske lite allereie, så blant anna ville ho då at eg kutta ned til EIT drag med ostehøvelen med H30 lett norvegia istaden for TO på den tynne grovbrødskiva mi utan smør som eg hadde til frukost. 
Denne dama vart eg sendt til etter å ha vore til indremedisinar på samme sjukehus fordi eg blant anna viste ein del festlege symptom på pcos etc.
Eg har i etterkant fått lese journalen min der i frå, der det står noko slikt som "pasienten har blitt sendt til ernæringsfysiolog og fått råd om å slanke seg. Blir ikkje innkalt på nytt med det første". Ja, takk for den!
Om du trivast med lavkarbo og det fungerer for deg, blås i den dama! Det er ingen som kan tvinge deg til å gå tilbake til henne. 
|