Sv: PCOS, metabolsk syndrom og lavkarbo
Imp og Harefrøken, auda... Forstår! Det er tydelegvis mykje forskjellig ein støter på..
Eg måtte jo til utlandet for å få hjelp. I Norge fekk eg absolutt null hjelp. Det er tydelegvis ein del mangel på kunnskap ute og går. Første gongen eg var hos den endokrinologen hadde eg med meg ei liste lang som eit vondt år, for å "overbevise" han om at det var pcos etc eg hadde (for eg fekk jo ikkje overbevist nokon i Norge). Han nikka og sa at det var liten tvil om at eg sleit med denne sjukdomen ja. Slapp å belære han om nåke, og fekk full forståelse. Snakk om overrasking.
|