Sv: Kokosbrød - Bilder
OK. Førstegongseksperimentering med kokosbrød.
Eg la til 2ss fiberhusk, halv teskei jbkm og 3dl vatn. Prøvde meg litt fram med vatnet, og enda opp med 3dl vatn. Brødet heva ganske fint og såg bra ut. Steikte det vel ein time på anbefalt temperatur. Skar av skalken fordi eg var nyfiken, og brødet var VELDIG fuktig inni. Det smakte godt, men som sagt VELDIG fuktig og ein smule gummiaktig. Trur det hadde vore nok med 2dl vatn, kanskje til og med 1,5dl. Smaken var bra, men det ville jo aldri bli ferdigsteikt, så mykje væske som var i det. Eg enda opp med å skjere opp skiver av brødet og tørke dei som kavring i omnen. Smakar godt, men må framleis jobbe med konsistensen.
Hadde kanskje gjort seg med glutenmjøl?
|