Sv: "Guri som du raser ned i vekt"
Cherry, slit litt med det same, eg. No er det ikkje så mange som har sagt så mykje, trur ikkje folk alltid torer å seie noko! Men det er velkoment når dei seier noko! Ein kollega av meg sa i dag "eg ser i alle fall at du har gått deg smal i fjeset" (vi har gå/sykle til jobben aksjon på gong).. Men eg ser det ikkje alltid sjølv, nei! Har gått ned 10-13 kg sidan påske i fjor. Det går ikkje raskt, men i alle fall rette vegen! Er eigentleg glad for at det ikkje går for fort, for hovudet må vere med i nedgongen!
Men det hjelper jo litt på at folk gir kompliment!
|