Sv: Trenger sårt hjelp til å legge om kosthaldet til familien min
Takk Vettel for at du tok deg tid til å svare.
Problemet mitt er nok kanskje for komplisert til å spørre om på eit sånt forum, men eg aner ikkje råd lenger.
Du meiner det godt, eg forstår det Aner ikkje kor mange gonger me har fått råd om at ungen berre er kresen og at dei et det dei får om dei er svoltne nok, og at ho MÅ smake. Eg trudde sjølv at det var så enkelt før eg fekk barn Eller før eg fekk henne egentleg.
Men ting er ikkje så enkelt, desverre. Alle hennes søsken et nesten alt det dei får, men 9 åringen vår et frykteleg få ting. Me har prøvd å ha regler med at ting må smakes på (tru meg) men det ender med at ungen slutter å ete -heilt seriøst. Me kan ikkje ha noko mas eller stress, eller maktkamp rundt maten, det eineste som skjer da er at ho sluttar å ete, ho mister totalt matlysten. Ho prøver så godt ho kan, for å tekkes sine foreldre, men du berre ser maten veks i munnen på ho, ho slit med tårene og blir fysisk dårlig.
I kvardagen er ho gankse humørsjuk, sutrete, sliten, ei stund var ho heilt umulig (deprimert, humørsjuk, "fjern"), etter å ha googlet fann me ut at det var ein alvorlig bivirkning av ein medisin som ho fekk. Spurte legen om det , men nei da. Medisinen hadde ikkje bivirkninger, sa han. Vell, me valgte å ta ho av medisinen, og jenta kom seg betrakteleg.
Ho har vondt i magen -kvar dag!!!
Men ellers er ho ei tøff jente, ei jente som heng i toppen av eit tre og alltid er skitten og tåler ein støyt 
Ho et ikkje pasta eller ris, hverken vanleg eller fullkorn. Et ikkje anna pålegg enn græddost, brunost, fårepølse, skinke (ein sjeldan gong) og syltetøy. Av grønnsaker et ho blomkål, tomater og agurk + rå gulerøtter. Et litt poteter.
Ho kan ikkje ete brød med frø i, egentleg ingenting som er "klumpete." Et ikkje nokon nøttesorter.
Er glad i kjøtt, som koteletter, sosegryte og spekemat. Men kan ikkje ete mat som er blanda (gryterett, lasagne etc)
Men har me noko søtt i hus, så er ho nesten desperat etter å få det. Me kan ikkje ha ting liggende i skapene, for da er ho nesten hysterisk om ho ikkje får det.
Me har levd med dette i snart 10 år. Eggeallergien er ingen problem i kvardagen. Me bruker ikkje eggeerstatning av pulverform. Lenge sidan me har prøvd det, men ho vart så dårlig i magen når ho fekk ting med det i.
Men alt det andre, alle allergiene, astmaen, eksemen, alt ein må sette seg inn i, alle kampene ein må gjennom -puh! Ein får liksom ikkje hjelp kasta etter seg. Nå først, etter så mange år har me fått tilbud om ernæringsfysiolog.
Eg kjenner eg begynner å bli sliten, lei og desperat.
Treng hjelp!
__________________

Sist redigert av Neri : 01-06-10 kl 07:06.
|