Vis enkelt innlegg
Gammel 19-06-10, 09:12   #25
Kanutten
Seniormedlem
 
Kanutten sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Innlegg: 11.548
Kanutten er bare helt fantastiskKanutten er bare helt fantastiskKanutten er bare helt fantastiskKanutten er bare helt fantastiskKanutten er bare helt fantastiskKanutten er bare helt fantastiskKanutten er bare helt fantastiskKanutten er bare helt fantastiskKanutten er bare helt fantastiskKanutten er bare helt fantastiskKanutten er bare helt fantastisk

Sv: Legen sa: slutt med ketolysediett ...

Opprinnelig lagt inn av Fjellgeit, her.

Hei!
Eg jobbar som fastlege - og ettersom eg er på lavkarbo.no laurdag morgon kl 08:20, reknar eg med at de forstår at eg er meir enn litt interessert i alternative kostråd til dei statlege anbefalingane.

Eg kjenner likevel at eg blir temmeleg provosert over legehetsen her inne. Det er sjølvsagt ikkje akseptabelt med arrongant oppførsel slik nokre av dykk skriv om, men eg får likevel lyst til å seia litt om bakgrunnen for dei råda vi gjev.
Eg kan sjølvsagt ikkje uttale meg på vegne av heile legestanden, men eg kan seia noko om kvifor vi gjev dei type kostråd som vi gjer (sjølv om vi ikkje alltid trur på dei sjølv).

Vi som jobbar som "vanlege" fastlegar er lønna av staten og er underlagt strenge retningslinjer om korleis vi skal jobbe og kva vi skal formidle. Vi har statlege retningslinjer å forholde oss til, som er meir eller mindre gode. Eg har fulgt spent med på dei nye næringsstoffanbefalingane som er til høyring no, og har nett vore på foreldrag med Rune Blomhoff som har leia dette arbeidet over fleire år. Vi lærte mellom anna at det blir publisert 1,5 millionar artiklar om ernæring kvart år. Dei nye statlege retningslinjene (som liknar temmeleg mykje på dei gamle...) er ei oppsummering av all denne forskninga over dei siste åra. Vi som jobbar som fastlege pliktar å formidle dette vidare, anten vi trur på det eller ikkje. Vi kan ikkje velje den kostholdsfilosofien vi trur på sjølve, og så selja det vidare til pasientane våre. (Og det er på ein måte bra, ettersom eg trur på lågkarbo medan kollegaen på kontoret ved sidan av et rosinbollar med syltetøy til lunch).

På same måten er vi forplikta til å informere pasientar som har kolesterol over anbefalt nivå (utifrå den nye veilederen om risikovurdering som nett er komen), om at kolesterolet er for høgt og at dei må fylgje gjeldande retningslinjer (...) for å få dette ned. På den måten kan vi dokumentere i journalen at vi har gjort det vi er forplikta til å gjera. Om denne pasienten saksøker oss om 20 år fordi han har fått hjarteinfarkt, har vi dokumentasjon på at vi fulgte statlege retningslinjer i høve til den rådgjevinga/behandlinga som var vanleg praksis då dette vart oppdaga. Det er sjølvsagt opp til pasienten om han vil følge råda eller ikkje. Vi blir då neppe halde personleg ansvarlege om pasienten får hjarteinfarkt.
Om pasienten derimot har høgt kolesterol, og vi seier "finfint - et lågkarbo" - sjølv om det er stikk i mot retningslinjene vi har per i dag, og pasienten saksøsker oss om 20 år fordi han har fått hjarteinfarkt (...kanskje mindre sannsynleg, men han kan jo få det uansett ), så vil vi truleg få beskjed om at vi ikkje har gjort jobben vår då diagnosen høgt kolesterol vart stilt, vi har gått ut over retningslinjene, og kan dermed bli halde ansvarlege for at pasienten vart sjuk.

Dette vart litt lenger enn eg hadde tenkt... Men altså: Om du går til legen, får du lege-råd ut ifrå gjeldande retningslinjer pr i dag, som vanlegvis (om legen er oppdatert) er basert på eit stort forskningsmateriale dei siste åra. Dette er jobben til oss legar å formidle. Vi kan ikkje velja utifrå eiget hovud/magekjensle/overtydning kva vi skal formidle. Om du går til legen, får du altså skulemedisin. På same måte vil du få akupunktur når du går til akupunktøren eller homeopatmedisin hjå homeopaten.

...Og til slutt blir det pasienten sitt valg om han vil fyljge råda vi gjev eller ikkje. Inntil vidare testar eg ut lågkarbo på meg sjølv, forklarar pasientane mine som sjølv går på lågkarbo om problemstillinga ovanfor (...vi pliktar å formidle slik og slik, men det kan på sikt hende at det viser seg at din kostholdsfilosofi er betre...), og prøvar å leggje stor vekt på det eg er enig i i statlege retningslinjer: fysisk aktivitet, grønsaker og proteiner er i alle fall bra!

Kjekt med en fastlege her!

Velkommen hit!

__________________
Æ står han a!
Kanutten er avlogget   Min kostholdsfilosofi: ♥ Lavkarbo ala Kanutt ♥ Svar med sitat