Vis enkelt innlegg
Gammel 13-07-10, 22:48   #31
Sunroad78
Medlem
 
Medlem siden: Jul 2010
Hvor: Larvik
Alder: 47
Innlegg: 298
Sunroad78 er på en erverdig vei

Sv: En kort innføring i PCOS

Mitt aller første innlegg, og sjølvsagt om PCOS som eg har slitt med sida tenåra.
Eg har påvist cyster på eggstokkane, hårvekst i ansiktet, på magen frå navlen og ned til underlivet, på brysta, men av alle ting har eg regelmessig mens og har alltid hatt det (kan nesten stille klokka ) Eg er 173 cm høg og mellom 110-115 kg tippar eg (er ei stund sidan eg vegde meg, sidan det ikkje er det kjekkaste eg gjer), har altså ein BMI på mellom 35-40
Eg blei satt på p-pillen Diane for å prøve å begrense urein hud, kviser og hårvekst, dette har fungert veldig bra for meg og i tillegg har eg mindre mens.blødning og mindre smerter (eg kan spy, svime av og vere heilt utanfor under mens.perioden).

Eg surfa rundt på nettet i går, las ein artikkel angåande lavkarbo og overvektige, gjekk i butikken og såg framsida til Dagbladet. Kjøpte avisa, las artikkelen og kjørte direkte til nærmaste bokhandel og kjøpte boka til Dr. Sofie Hexeberg. Den las eg ferdig i gårkveld, sendte henne ein mail i dag tidleg, ho ringte meg rundt lunsjtider og no har eg time hos henne i midten av august Eg er villig til å både bruke tid og pengar på å endre livsstilen min, betre helsa mi og kanskje vere heldig å gå ned i vekt, ned masse i vekt

Men eg lurar på ein ting angåande vekt. Er det realistisk for meg å drømme om å gå ned 30 kg, frå 115 kg til 85 kg på eitt år? Eller bør eg tenke at eg har lagt på meg over lengre tid, at eg då bør ta av meg over lengre tid???

Eg er super motivert og gledar meg til å sette igong med livvstilsendringsprosessen, men skal innrømmet at eg dessverre er litt over gjennomsnittet glad i søtsaker, så sjokoladen skal bli vanskeleg å legge bort.

Sunroad78 er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Lavkarbo - 50-100 gr kh pr dag Svar med sitat