Sv: Dr. Lindbergs klinikk i Bergen
Eg går der!
Blodprøvetimen kosta rundt 1700 om eg hugsar rett, pluss 100 kroner for veging. Du blir vegd på tanita vekt (trur eg?) som måler fettprosent, vatn i kroppen etc. Dei tar ein haug med prøver, og du må møte fastande til denne timen. Dei neste timane kostar 700 trur eg det var. Meiner prisane står på nettsida?
Eg gikk på ketolysekuren ei god stund før eg gikk på lindbergklinikken. Tok ein del prøver hjå fastlege men var ikkje fornøgd med resultatet, så gikk difor vidare.
På lindbergklinikken tok dei enda fleire prøver, og eg får no metformin. Eg har ingen problemer med å anbefale Lindbergklinikken dersom ein har råd til det, og helst litt eigenkunnskap om lavkarbo frå før, men dei er veldig skeptiske til ketolyse, og spesielt til metta fett. Legen tykte at eg burde i alle fall ikkje fortsette med det metta fettet, og ho pusha veldig aktivt på deiras opplegg, som førte til at eg no er på Eurodietten. (Eg er ikkje heilt sikker på at eg er fornøgd med den biten, og går muligens tilbake til ketolyse.)
|