Sv: Muligheter med fårikålkjøtt?
Må vel kunne gå an å lage noko "sosakjøt"-aktig? Eller ein versjon av det ein kallar stoofvlees på nederlandsk (noko slik som "stua kjøt").
Fres/brun kjøtet i smør,sett til side og steik løk i smør. 1kg kjøt, bruk 2 store løkar. Tilsett nok vatn til å dekke kjøt/løk. Ha gjerne i litt buljong. La det småkoke og kose seg på svak varme minst eit par timar. Løken kokar ut i buljongen og lagar god saus. Kan etast med brekkbønner, rosenkål, kva som helst. Salt og pepre etter smak. Kanskje litt kvitløk?
Stoofvlees blir vanlegvis laga med storfekjøt eller hest, men eg vil tru det fungerer med lam også.
|