Sv: Gå ned i vekt sammen?
Eg forstår at du meinte vel Pernille, eg måtte berre seie korleis eg opplevde det.
Jaja, no er det ny veke, no går vi vidare. Den spekeskinka lokkar framleis der ho ligg og fristar meg i kjøleskapet, men no skal ho få ligge i fred ein stund for det er ikkje kjekt å binde så mykje vatn . Så no drikk eg te og spring på do og håpar beina mine snart blir normale igjen.
Lurer på kva eg skal lage til mat i dag. Det begynner å bli utplukka i kjøleskapet når eg ser bort frå den spekeskinka, brukte mine siste skillingar på agurk, egg og smør i dag tidleg. Kanskje finne på noko av den spinaten eg har i frysaren? Omelett, spinatstuing (m JBKM ? har aldri prøvd stuing utan mjøl før) og... smør?
__________________

|