Sv: Forkynner du?
Om folk er interessert og spør, så kan eg finne på å seie ting, ja. Men elles held eg klokeleg kjeft. Folk får jo heilt andenaud av tanken på fett, kolesterol etc. Eg gidd ikkje alltid å ta "kampen" mot vrangforestillingane deira. Eg har vel nemt lavkarbo eit par gongar til ein person eg kjenner, fordi personen går på kolesteroldempande medisin, og et alt anna enn sunt etter mine mål og meiningar (lyst brød, ferdigmat, fruktyoghurt, appelsinjuice), men då fekk eg berre høyre at personen var arveleg belasta, så slik måtte det vere. Jaja.
|