Vis enkelt innlegg
Gammel 28-09-10, 19:21   #1
Sunroad78
Medlem
 
Medlem siden: Jul 2010
Hvor: Larvik
Alder: 47
Innlegg: 298
Sunroad78 er på en erverdig vei

Kan eg overleve på rundt 1000 kcal over lengre tid?

Veit at eg slepp å telle kcal, men ifølge diett.no så er det så vidt eg klarar å få i meg 1000 kcal. Eg er ikkje svolten (berre på jobb når eg ikkje rekk å ete lunsj, men eg eter lunsj med ein gong eg får tid), eg eter frokost, lunsj og middag og av og til ein neve paranøtter til kvelds. Eg går ned vel 1 kg i veka så det er ikkje det eg lurar på.

Kan eg "overleve" på 1000 kcal pr dag over lengre tid?

I dag har eg ete:
Frokost:
2 fiberrik m/rogn og majones
0,7 liter vatn
Vitaminer

Lunsj:
Salat av:
100 gr isbergsalat
55 gr rød paprika
80 gr agurk
5 cherry tomat
30 gr reddik
22 gr kokt skinke
50 gr fetaost m/olje
0,7 liter vatn
Vitaminer

Mellommåltid:
1,4 liter vatn

Middag:
Tacotallerken m/isbergsalat, rød paprika, agurk, kjøttdeig, rød løk, ost, seterrømme, taco-saus
2 glass pepsi max

Kvelds:
0,7 liter vatn

Vatn: 3,5 liter


Diett.no viser dette for mitt matinntak i dag:
Energi: 1077 kcal
Fett: 73.9 gr
Karbohydrat: 17.83 gr
Protein: 82.33 gr

Blir ikkje dette galt? Skal eg ikkje ha mindre protein og meir feitt?? Skjønnar ingenting eg... Er ikkje svolta, ikkje fysen på søtsaker og eter til eg er mett.

Håpar nokon kan gi meg nokre tips. Er veldig glad i salaten min til lunsj, så den vil eg nødig rokke ved. Varierar frokosten, slik at eg ikkje eter egg kvar dag (blir så raskt lei) og fiberrik eter eg sjeldan, berre når eg har dårleg tid om morgonen og eg likar å ha god tid.

__________________
Min journal

Sist redigert av Sunroad78 : 28-09-10 kl 19:46.
Sunroad78 er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Lavkarbo - 50-100 gr kh pr dag Svar med sitat