Sv: Nå er kanel blitt farlig
Eg kjøper kanelstang frå Hindu. Det er ekte kanel (canehl) frå Sri Lanka. Den er mykje tynnare i barken, mjuk og tyggbar, og lysare i fargen. Smaken er absolutt vidunderleg. Kan ikkje måle seg med vanleg kanelbark frå cassia i det heile tatt. Når kanelstanga er rulla saman, så er det mange tynne blad i lag, så du kan bryte bort littegranne og tygge på. Ikkje langt frå å vere verdas beste godteri, så god er den. Eg har ikkje noko glass med malt kanel frå Hindu å samanlikne med, men det skal eg sanneleg sjekke i morgon på butikken.
Og kanel er sunt. Det vil det alltid vere. Det er alt eg har å seie om den saken
__________________
|