Sv: Mathjelpen for foreldre
Samme her. 1.klassejenta mi fikk ho ganske kort etter skolestart, og var så i fyr og flamme over den fine boka, spesielt med mini-hamburgarane som ho sporenstreks bestilte til bursdagen sin.
Joda, fin bok, men eg har ikkje tenkt å bruke ho. Det er ikkje slik eg vil ha det her i vår familie. Ho vart påprakka den gode gamle kostsirkelen da ho var hos helsesøster også, med smilande potet og gråtande smør...
Men når det er sagt, så er nok innhaldet i denne boka eit framsteg for ein del foreldrar. Eg har fått ros frå dei tilsette på skolen fordi jentene har så fine varierte matboksar med sunn, appetitleg mat. (Sjølv om ei av veninnene til 1.klassingen min lurte på kvifor ho fikk så usunn mat ein dag ho hadde med nøtter i matboksen...) Mange barn får berre dei same triste brødskivene kvar bidige dag, så dei ikkje ein gong orkar ete til slutt, berre sit og stirer i maten utan å få ned ein bit.
Og eg høyrer jo om barn (tildels svært overvektige lidande barn) som får loff med sjokoladepålegg til skolemat. Det gjer meg trist. Men på den andre sida, enkelte av desse barna har nok foreldrar som slit på ein slik måte at ei gratis bok ikkje hjelper dei.
__________________

|